• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Arbeidserfaring

 



• Frå 2017: Dagleg leiar for Stiftinga Kystsogevekene

• 2004-2016: forfattar for boka Oselvar – den levande båten
Ansvar for idé, prosjektskildring, fagleg research, produksjon av manus, fotnotar, bilettekstar, tekstboksar, figurar, ordliste og fotografering.
Oppdragsgjevar: Oselvarklubben.



• 2013-2015: konsulent for Oselvarverkstaden, har skrive nominasjonssøknaden om oppføring av Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen på UNESCOs Best Practice-liste over immatriell kulturarv, som Kulturdepartementet har nominert til UNESCO

 

• 2012-2013: konsulent for utstillinga i Båthallen på Hordamuseet
Kjell Magnus har levert innhaldet til ein digital stasjon som fortel om moderne bruk av Oselvaren i form av kapproing og kappsegling. Klartgjering av filmar, produksjon av tekstbolkar med bakgrunnsinfo til utstillinga samt levering av ein del bilete, båtriggigging og generell rådgjeving.
Oppdragsgjevar: Hordamuseet/Bymuseet i Bergen.
 

• 2006-2008 Regattasjef Bergenscup
Regattasjef/dommar under bedriftsregattaen Bergenscup. Ansvarleg for utarbeiding av seglingsvedtekter, regattateknisk avvikling, baneleggjing, tryggleik, fotografering, bildevisning, gps-sporing, resultatservice og regattasjefens blogg. Omfang: 20-30 dagar årleg 2006-2008.
Oppdragsgjevar: Nautic Sailing.

• 2003-2008: Seglinstruktør Nautic Sailing
Instruktør nybyrjar/vidaregåande kurs i segling. Undervisninga skjer i 35-48 fots havseglar frå fredag ettermiddag-sundag ettermiddag. Attåt dette kan nemnast teambuildingsturar for bedrifter. Omfang: 5-8 kurs årleg.
Oppdragsgjevar: Nautic Sailing.

• 2003-2004: Regi og research på dokumentarfilmen Med Norwegian Steam i America´s Cup
Under produksjonen av Oselvarboka har dette filmprosjektet lagt på is, men produksjonen vil bli teken opp att etter at Oselvarboka er publisert.

• 2003: Kontaktlærar på ungdomsskule
Klassestyrar 8. klasse. Omfang: 100 % i 2 månader våren 2003. Spesialundervisning i norsk for to afrikanske elevar i 9. klasse. 25 % i 2 månader samt 30 vikartimar på ulike klassetrinn hausten 2003.
Oppdragsgjevar: Alversund Skule.

• 2003-2004: Miljøarbeidar psykisk helsevern
Miljøarbeidar for depressiv/schizofren jente. Omfang: Ca. 75 dag, kvelds- og nattevakter 2003-2004.
Oppdragsgjevar: Bergen kommune.

• 2003-2004: Vikarlærar
Ca. 15 vikartimar 8. klasse Rothaugen skule hausten 2003
Ca. 15 vikartimar 6. klasse Nordnes skule 2003-2004

• Godøysund
Historisk innsamlings- og granskingsarbeid om Godøysund Fjordhotell. Omfang: 100 % i to månader i 2002. Prosjektet vart avslutta før fullføring grunna finansielle problem hjå arbeidsgjevar.
Oppdragsgjevar: Godøysund Fjordhotell.

• 2001-2002: Miljøarbeidar psykisk helsevern
Miljøarbeidar for manisk depressiv/schizofren mann. Omfang: Ca. 40 dag- og kveldsvakter 2001-2002.
Oppdragsgjevar: Bergen kommune.

• 2000-2002: Journalist Mjellem & Karlsen Verft AS
Artiklar og bilete til internavisa kvar veke frå april 2000 til august 2002.
Oppdragsgjevar: Mjellem & Karlsen Verft AS.

• 1999-2000: Støttekontakt psykisk utviklingshemma gut
Støttekontakt 4 timar kvar veke + 5 timar ei helg kvar månad frå mai 1999 til mai 2000 for 12 år gammal psykisk utviklingshemma gut.
Oppdragsgjevar: Bergen Kommune.

• 1999-2004: Frilansjournalist Bladet «Tysnes»
Ymse artiklar/foto på frilans basis frå 1999 til 2004.
Omfang 3-5 artiklar årleg.

• 1998-1999 Journalist/fotograf Bladet «Tysnes»
100% vikariat som journalist. Omfang frå oktober 1998 til januar 1999.
Oppdragsgjevar: Bladet «Tysnes».

• 1997-1998: Produksjonsarbeidar Pyrox Produksjon
Arbeidar i tynnplateverkstad (stål) frå august 1997 til mai 1998. Omfang: 100 % stilling.
Oppdragsgjevar: Pyrox Produksjon.