• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Språk, data og nettsider

 



Språk
• Norsk: Skriv båe målføre
• Engelsk: Bra framstilling skriftleg, flytande munnleg.
• Tysk: Konversasjonsnivå munnleg, bra forståing.
• Svensk: Bra framstilling skriftleg, flytande munnleg.

Data
• Kan dei mest vanlege bilet/tekst/presentasjon- og nettmakingsprogram for PC
• Brukar Sony Vegas Pro til AV-redigering
• Nettbrukar sidan 1996, vevmaking sidan 1997



Nettsider
Personleg heimeside
Publiserte fyrste gong ei personleg heimeside i 1999 via ulike gratistenester. Den fyrste nettsida hadde om lag 50 undersider. Vedlikehaldt sida annakvar veke fram til 2002. Ny side i 2003 med eige domene: www.kjellmag.com. Denne sida hadde drop-meny og omlag 25 undersider som vart vedlikehaldne kvar veke fram til 2005. www.kjellmag.no er dermed personleg heimeside versjon 3.0 og vart publisert i februar 2009 med publiseringsverktyet Spinn, levert av Designbyrået Reine Linjer.

vevmakar for Bjørn Tomrens Norge-på-langs-rotur

Verdsmeisterskap for Zoom8-joller
Vevmakar for sidene til Verdsmeisterskapen for Zoom8-joller som går i august 2013. Sida oppretta oktober 2012. Ansvar for innhald, struktur og det vert om lag tre-fire oppdateringar kvar veke. Les meir her

Hordaland Expressklubb
Vevmakar sidan 2007-2010 for dei gamle sidene til Hordaland Expressklubb. Nye sider frå januar 2011. Ansvar for innhald, struktur og det vert om lag to oppdateringar kvar veke.

Ran Seilforening
Ansvar for innhald, struktur, overføring frå gammal til ny side og biletgalleri. Lanserte den nye sida 13. mars 2009 under Ran Seilforening sitt 115-årsjubileum. Hadde òg ansvar for den gamle sida frå 2007-2009. 2012: ansvar for nettsidene for VM for Zoom-jollar 2013. 2013: oppretting av arkiv.

kystkulturivest.blogspot.no
Blogg for Forbundet Kysten sitt Islandstokt 2011. Ansvar for innhald og struktur. Oppdateringar sumaren 2011.

www.kmturhav.com
Heimeside for Kretsmesterskap for tur og havseglarar i Hordaland. Ansvar for innhald og struktur. Oppdateringar eit par gongar årleg 2006-2007.

www.nautic-sailing.no
Oppdateringar av resultat og referat frå Bergenscup 2006 og 2007. Innspel og oppdateringar i samband med nyutvikling av heimesida i 2008.

http://bergenscup.blogspot.com
Regattasjefens blogg frå Bergenscup 2006. På oppdrag frå Nautic Sailing.

Oselvarklubben
Struktur og innhald. Eit par oppdateringar årleg frå 2005-i dag.

www.norwegiansteam.com
Nettstad som presenterer Norwegiansteam-prosjektet, fyrste versjonen publisert i 2005. Ansvar for utforming, innhald og teknisk vedlikehald som inneber fleire oppdateringar kvar månad. Versjon 2.0 vart lansert i mars 2009. I februar 2014 vart norwegiansteam.com integrert i kjellmag.no.

BSI/Seiling
2000-2005: bidrag til heimesida til studentseglklubben BSI/Seiling. Oppdateringar kvar veke via ein nyhendeportal.

Båtlaget Njord/Tysnes
Den fyrste utgåva av nettsida var aktiv frå 1997-2000. Ansvar for utforming, innhald og oppdateringar kvar månad. Den andre nettsida var aktiv frå 2001-2007. Bidrog med utforming, innhald og oppdateringar kvar månad fram til 2005. 2010: Oppdaterte sidene for Oselvar-NM.

Tysnes Kino
Denne nettsida var aktiv frå 1998 til 1999 og var den fyrste nettsida til Tysnes Kino. Ansvar for utforming, innhald og oppdateringar kvar veke.