• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  


Norwegian Steam / Jåttseglarane

Norwegian Steam og Jåttseglarane var kallenamn på dei norske sjøfolka som arbeidde på amerikanske kappseglingsbåtar for hundre år sidan.



Gjennom nesten 50 år var nordmenn i fleirtal på mannskapslistene til dei amerikanske båtane som tevla om America’s Cup. Denne soga er lite kjend og burde difor ha nasjonal interesse i sjøfartslandet Noreg og internasjonal interesse hjå folk som er oppteken av kappsegling og maritim historie.

Kjell Magnus Økland har arbeidd sidan år 2000 med å samla inn stoff om dette lite kjende temaet. Dette arbeidet har mellom anna resultert i ei utstilling, universitetsoppgåver og ei rekkje artiklar, somme av desse kan kjøpast i eit 20-siders særtrykk om Norwegian Steam. Han er òg i gang med ein 50 minutts fjernsynsdokumentar der dei siste attlevande aktørane frå denne perioden deltar.

Kjell Magnus forklarer kvifor han tykkjer dette temaet er spanande: America´s Cup er verdas største regatta. Gjennom å få denne soga fram i lyset vil ein få eit tilskot av sjøheltar, noko som pussig nok er mangelvare i sjøfartsnasjonen Noreg. Dette handlar om oppsamla kunnskap gjennom mange generasjonar, altså sjømannskap som går i arv. Det heile går føre seg i eit spaningsfelt mellom tradisjon/ sjølvberging og modernitet/lønsarbeid/ sport. Soga om desse sjøfolka ber òg i seg eit Espen Oskeladd-element og er svært lite kjent.