• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Organisasjonserfaring

 



• Frå 2017-i dag: Hordaland Fylkeskystlag
Hordaland Fylkeskystlag Redaktør for Årebladet, vevmakar og styremedlem.

• 2012-i dag: Fanfjorden Tradisjonssegling
Fanafjorden Tradisjonssegling seglar tradisjonsbåtar på Fanafjorden med utgangspunkt frå Hordamuseet. Ein av drivkreftene i miljøet, som vart etablert i 2012.

• 2006-i dag: Hordaland Expressklubb
Vevmakar, 2-3 møter årleg, kontakt med regattaarrangørar og utvikling av regattakonsept.

• 2004-i dag: Ran Seilforening
Regattasegling, regattaarrangør, PR og informasjonsarbeid, utvikling av arkiv, vevmakar 2007-2013, medlem regattakomiteen 2007-2009. Leiar i regattakomiteen 2010-2013. 2012: Bookingansvarleg. 2012-2013: Vevmakar for VM-nettstad.

• 2003-2004, 2011, frå 2016: Hordaland Seilkrets
Vevmakar, styremedlem, skrivar, 5 møter årleg for å administrera seglsporten i Hordaland. 2011: vevmakar. 2012: iniativtakar til Hordaland Seilrets sitt eintypeutval.

• 2001-2004: FK Nygårdshøyden
Fotballspelar, dommar og styremedlem.
Les meir her og her

• 2001: Askøy Seilforening
Segltrenar for barn og unge

• 2000-2002: Studentavisa Samviten
Journalist/fotograf i fakultetsavisa som kom med 3 nr/semester. Bokmeldingar, featureartiklar, studentpolitikk, intervjustoff.

• 2000: Studentradioen i Bergen
Redaksjonsarbeidar i kulturprogrammet Skumma kultur som sendte to timar kvar veke.
Laga òg 2 timars direktesendt program om Cornelis Vreeswijk og eit 6 timars direktesendt program om Frank Zappa på det som ville vore 60-årsdagen hans 21. desember 2000.

• 1999-2008: BSI/Seiling
Båtførar for studentseglklubben i Bergen med om lag 50 timar praktisk seglinstruksjon i båt i snitt årleg sidan 1999. Nybyrjartrening, regattatrening og nattnavigering, hovudansvar for for 6 større helgeturar til Tysnes med opptil 70 deltakarar, arrangør for regattaopplegg med direktesendt TV på USF Verftet og Kretsmesterskap for tur og hav i Hordaland 2006-2007, arrangør av kurs i båtførarprøven (18 timar teoriundervisning + 12 timar praksis) 2004-2005 og koordinator for 10 års-jubileumsmarkering.

• 1998-i dag: Oselvarklubben
Skrivar og styremedlem sidan 1998. Utnevnt til æresmedlem 2017. 4-10 møter årleg. Omarbeiding av klassereglar til mal standardisert mal av det internasjonale seglforbundet, produksjon av brosjyrar og årsmeldingar, utarbeiding av nettsider, planleggjing og gjennomføring av regattaer, utstillingar på båtmesser, deltaking på seminar, foredragshaldar, bokprosjektet Oselvar - den levande båten. 2008: utsending til Brest Maritime Festival. 2011: utsending til Sail Husavik på Island.

• 1997-2000: Tysnes Kino
Kinosjef med ansvar for filmtinging, annonsering, post, pressekontakt, reklamering og køyreplanar for kinomaskinistane. Kinoen viser til vanleg film 2 gongar i veka.

• 1997-1998: Tango Teaterlag
Manusutvikling og skodespel på revyen Tango brettar ut. Les Bergens Tidende si melding her.
Skodespelar i mytespelet Bautasteinane på Årbakkavollen i 1997.

• 1996-2003: Tysnes Ungdomslag
Produksjon av videoinnslag og medverknad på scenen under SkjæreFesten, ein lokal revy der alle bilettane pla vera selt på 20 minutt.

• 1992-2003: Stigma Produksjon
Manusutvikling, regi, skodespel og organisering av innspelingar av over 20 ulike amatørfilmprosjekt. Les artikkel frå 1995 i Bladet Tysnes her.

• 1989-i dag: Båtlaget Njord/Tysnes
Regattaegling med Oselvar. Styremedlem 1990-2003: 5 styremøter årleg, årsmeldingar, utvikling av nettsider i 1997 & 2001, initiativ til lagsarkiv i 1999, PR & informasjonsarbeid, leiar regattakomiteen: planleggjing og gjennomføring av regattaer, leiar seglings- og instruksjonskomiteen: planleggjing og gjennomføring av treningsaktivitet, instruktør seglarveka 1996-1999: seglkurs på 5 dagar, hovedansvarleg: 2001, 2002 og 2004. 2010: Pressekontakt Oselvar-NM

• 1989-1993: Njardar IL
Fotballspelar, dommar, trenar og oppmann. Referent i kampprogram.