|
9. - 12. august arrangerte Båtlaget Njord/Tysnes Siglarveko for Oselvarar. Kjell Magnus var initiativtakar og hovedinstruktør.
Undervisninga gjekk føre seg i Njordstø, på kaien og på fjorden. Ein segla med spririgga Oselvarar. Fyrste dagen var det for sterk vind til å gå utpå, men tida vart nytta til tørrtrening på rigging på kaien.
Dei andre dagane var vinden meir handterbar og deltakarane fekk innsyn i omgrep som kryss, slør og lens, jibbing og slag. Dagane starta klokka 10 og varte til klokka 16. Ein segla ei økt før lunsj og ei etter lunsj.
I løpet av dei fire dagane gjekk deltakarane frå å vera nybyrjarar til å meistra segling i sjølv krevjande vindforhold med kastevindar.
Sjå bildegalleri på denne lenken
Medieomtale: Frå Hol til Tysnes for å læra seg siglingens kunst i Bladet «Tysnes» Oselvarreportasje i Bladet «Tysnes» si sumaravis Førehandsomtale av Siglarveko i Bladet «Tysnes»
Invitasjonen til Siglarveko 2016
|