• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  




Initiativtakar til Siglarveko

 

 
 

 
 

 

9. - 12. august arrangerte Båtlaget Njord/Tysnes Siglarveko for Oselvarar. Kjell Magnus var initiativtakar og hovedinstruktør.



Undervisninga gjekk føre seg i Njordstø, på kaien og på fjorden. Ein segla med spririgga Oselvarar. Fyrste dagen var det for sterk vind til å gå utpå, men tida vart nytta til tørrtrening på rigging på kaien.

Dei andre dagane var vinden meir handterbar og deltakarane fekk innsyn i omgrep som kryss, slør og lens, jibbing og slag. Dagane starta klokka 10 og varte til klokka 16. Ein segla ei økt før lunsj og ei etter lunsj.

I løpet av dei fire dagane gjekk deltakarane frå å vera nybyrjarar til å meistra segling i sjølv krevjande vindforhold med kastevindar.

Sjå bildegalleri på denne lenken

Medieomtale:
Frå Hol til Tysnes for å læra seg siglingens kunst i Bladet «Tysnes»
Oselvarreportasje i Bladet «Tysnes» si sumaravis
Førehandsomtale av Siglarveko i Bladet «Tysnes»




Get Adobe Reader Read file
 

Invitasjonen til Siglarveko 2016