• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Konferanse og foredrag på Shetland

 



9-12. april gjekk den andre St Magnus-konferansen av stabelen på Lerwick. Båthandel over Nordsjøen var tema for Kjell Magnus sitt foredrag. I tillegg vart delar av temaet demonstrert i praksis i form av handverksdemonstrasjon ved båtbyggjar Hallgeir Forstrønen Bjørnevik og Lorentz Andreas Humlevik.



Mediedekning

BBC Radio Shetland-intervjuar Hallgeir Forstrønen Bjørnevik

Oppslag hjå Shetland News

Oppslag hjå Shetland Times



St Magnus-konferansen vart oppretta I 2011 av Centre for Nordic Studies in Orkney og er den største internasjonal forskarkonferansen som tek for seg øygruppene Shetland og Orknøyane i notid og fortid. Den var over 70 delegatar frå England, Frankrike, Skottland, Orknøyane, Shetland, Island, USA og Noreg tilstades på konferansen. Sjå www.stmagnusconference.com for meir info.



I boka «Oselvar – den levande båten», er kapittel 2 «Båthandel over Nordsjøen» via båthandelen mellom Vestlandet og øyane på vestsida av Nordsjøen. Gjennom fleire hundre år, kanhende heilt attende til vikingtida, vart båtar eksportert frå Vestlandet. Årleg har skuter frå Vesterhavsøyane vore i vestnorske fjordar for å laste båtar som mellom anna vart brukte til fiske, transport av folk, varer og dyr. Kontakten med Noreg har óg ført med seg at mange omgrep knytt til småbåtar framleis er svært like på både Shetland og i Hordaland. Gjennom eit tiårig granskingsarbeid har Kjell Magnus avdekka mange nye og ukjende sider som set mykje av båthandelen i nytt lys. Dette vart presentert under konferansen i eit nytt multimedieforedrag, «Boat trade across the North Sea», torsdag 10. april.



Hallgeir Forstrønen Bjørnevik er båtbyggjar med mange års fartstid frå Oselvarverkstaden og har dei siste fem åra drive eiga verksemd, Bjørnevik Båt. Hausten og vinteren 2013-2014 har han bygd ein Oselvar seksæring i Båthallen på oppdrag for Hordamuseet. Under dette arbeidet har han hatt Lorentz Andreas Humlevik som lærling. Under konferansen torsdag 10. og fredag 11. april utførte dei to handverksdemonstrasjonar i samarbeid med båtbyggjaren og PhD-studenten Marc Chivers, som skriv avhandlinga The Shetland Boat: History; folklore and Construction. Det vart demonstrert hogging og høvling av ein båthals av skotsk lerk. I lag med handverksdemonstrasjonane vart det sett opp ei miniutstilling med bilete og multimedia som viste båtbyggjing. Utanfor konferansebygningen vart det stilt ut ein færing.



Kombinasjonen av handverksdemonstrasjon, utstilling og foredrag viste konferansedeltakarane korleis norske båttradisjonar har påverka tradisjonsbåtane på Shetland dei siste to hundreåra. Dermed vart fokus sett på ei viktig side av Shetland sin historie og det vart knytt nye band til Vesterhavsøyane. Prosjektet har fått 10 000 kr i reisestøtte frå Bergen Kommune.




Get Adobe Reader Read file
 

Abstracts - St Magnus Conference 2014






Get Adobe Reader Read file
 

Atlantisk kultursoge - artikkel i Bladet Kysten