• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  




Foredrag under grunnlovsjubileet

 

Under Forbundet Kysten sitt landstevne i Oslo heldt Kjell Magnus to foredrag om Noregs Nasjonalbåt Oselvaren. Landstevnet gjekk føre seg i Bjørvika i Oslo frå 17-20. juli og var ein del av det offisielle grunnlovsjubileet.





Omlag 25 personar møtte fram i auditoriet på Forsvarsmuseet på Akershus festning fredag 18. juli. Tittelen på det 60 minutt lange foredraget var "Oselvar - den levande båten - eit multimediaforedrag om Norges Nasjonalbåt". Foredraget var krydra med gode historiar og tok for seg historisk utvikling av båten, byggjing, tradisjonell og moderne bruk.



Foredraget laurdag 19. juli vart flytta frå M/F Skånevik til M/S Sjøkurs. Omlag 20 personer fekk med seg foredraget som hadde tittelen "Oselvaren som kapproingsbåt". Dette foredraget fokuserte på korleis Oselvaren har vore brukt som tevlingsbåt for organisert kapproing like sidan 1847 mange stader langs kysten.



Oselvar er ein klinkbygd, tradisjonell trebåttype frå Hordaland. Båttypen har vakse fram etter ei utvikling som strekkjer seg over fleire tusen år. Oselvaren har tradisjonelt vore nytta som bruksbåt og til kapproing og kappsegling sidan 1800-talet.

Kjell Magnus Økland er forfattar for ei 400 siders bok om Oselvaren som han har arbeidd med i 10 år. Boka vert gitt ut av Oselvarklubben og Bodoni Forlag.

Les meir om boka på www.oselvarbok.no

Boka vert delt i fire delar:
• Del I: tradisjonell bruk: historisk utvikling, båtbyggjarane, bygging, fiske, frakt og forlis
• Del II: moderne bruk: kapproing og kappsegling samt arbeidet for å ta vare på båttypen
• Del III: bruksrettleiing - bruk og stell av båten: roing, rigging, segling, lagring og smørjing
• Del IV: oppslagsverk: ordliste, resultatstatistikk, tidslinjer, sluttnotar og styreverv

Kjell Magnus Økland (f. 1977) er utdanna cand. mag. frå Universitetet i Bergen med faga kulturvitskap, historie og mediefag. Han har arbeidd som journalist og historikar. Kjell Magnus er oppvaksen på Tysnes i ein sjømannsheim og har sete samanhengande i styre og stell kring Oselvaren som regattabåt sidan 1990.

Sjå film frå landstevnet: