• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Nytt frå 2003-2005

 

Nyhende frå arbeidet med Norwegian Steam-prosjektet i 2003-2005.




• Oktober 2005: Om Engjel Vaage hjå Tysnes Sogelag
Engjel Vaage som Jåttseglar i Amerika. 9-siders artikkel i
Tysnes Sogelag sitt årshefte 2005, eit årshefte som har utvandring som tema.
I same sogelagsheftet har barnebarnet til Engjel, Aud Sunde Reiso, òg ein artikkel som fortel litt om Engjel: Vaage-slekten – hjemme og ute.


• 16. juni 2005: Vevsida oppe
Den fyrste versjonen av vevsida www.norwegiansteam.com er oppe. Tom Erik Olsen har vore til stor hjelp med kunnig html-koding.

• Mars 2005: Artikkel i Seilmagasinet
Stordomstida for seglarar i America’s Cup
Omfang: 7 siders artikkel - 26 700 teikn.
Tema: Prestasjonane til norske sjøfolk i America’s Cup i perioden 1914 og 1937. Seilmagasinet 3/2005.

• Februar 2005: Artikkel i Seilmagasinet
Norske sjøfolk erobrar sin plass i America’s Cup
Omfang: 6 siders artikkel - 22 000 teikn.
Tema: prestasjonane til norske sjøfolk i America’s Cup perioden 1893 og 1903. Seilmagasinet 2/2005.

• Januar 2005: Artikkel i Seilmagasinet
40 år med norsk dominans i America’s Cup
Omfang: 5 sider - 17 500 teikn.
Tema: om framveksten av fenomenet Norwegian Steam og kva som kjenneteikna sjøfolka. Seilmagasinet 1/2005.

• 2003-2005: Foredrag fleire stader
Med Norwegian Steam i America´s Cup
50 minutts presentasjon/51 lysbilete av utviklinga av America´s Cup og korleis nordmenn etterkvart får ei sentral rolle.
Framført i fylgjande samanhengar:
- Årsmøte Stiftinga Kvalvåg Seilsenter, Nansensenteret 2. mai 2005
- Medlemsmøte BSI/Seiling, Det Akademiske Kvarter 4. november 2004
- Medlemsmøte BSI/Seiling, Det Akademiske Kvarter 13. november 2003

• Våren/sumaren 2004: Medieomtale av dokumentarfilmen:
Omtale i Seilmagasinet 3/2004
Intervju i Bladet Sunnhordland 8. mars 2004
Intervju i Bladet Tysnes 22. juli 2004

• Våren 2004: Redigering av pilot
Ein fire minutts pilot, altså ein svært førebels versjon av dokumentarfilmen, vert redigert.

13-14. mars 2004: Opptak av rekonstruksjonar
Opptak på Bjørnefjorden og Selbjørnsfjorden av den unge sjømannen som er med faren på heimefiske og havfiske. Håvard og Sigurd Grøteide vekslar på rolla som den unge sjømannen medan Knut Arne Grøteide spelar faren.



• Desember 2003: Tur til USA
Arne og Kjell Magnus dreg til USA og intervjuar mellom andre Gunnar Færevaag, Bernhard Hagestad og Olin Stephens. Det vert òg knytt ei rekkje nyttige kontaktar til museum i USA.

• Sommaren 2003: Opptak til dokumentarfilmen
Det vert gjort fleire opptak til dokumentarfilmen, mellom anna intervju med Olav Lunde.