|
Kjell Magnus er no innlemma i Kystsogevekene sin artistbank der arrangørar kan finne aktørar til arrangement under Kystsogevekene.
Kystsogevekene er ei årleg tilstelling av ei rekkje kulturarrangement i Hordaland samt Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Kystsogevekene avspeglar kystkultur frå alle tider, både gamal og ny. Folk får oppleva kystkultur og yrande folkeliv i mange former og uttrykksmåtar. Programmet femner vidt, frå store folkefestar til intime konsertar eller små arrangement. Kystsogevekene finn stad i august og september kvart år og er organisert av Stiftinga kystsogevekene.
Les meir om Kystsogevekene her eller gå direkte til artistbanken her
|