Vevmakar Kjell Magnus tok seg av å oppdatera Siglarlaget Njord/Tysnes sine NM-sider her
Journalist Som oppkøyring til NM laga Kjell Magnus 9-12. august ein dagleg serie på til saman fire intervju:
Namn: Peter L. Larsen Funksjon: President i Norges Seilforbund
– Kva rolle spelar Norges Seilforbund under Oselvar-NM? – Oselvar-NM er, tilliks med alle andre båtklassar som har eit NM, underlagt Norges Seilforbund sine reglar for Norgesmesterskap. Desse reglane er med på å kvalitetssikre arrangementet ved at dommar og arrangør skal ha gjennomført kurs og at det skal vera minst 20 startande båtar. Eg er overtydd om at desse NM-reglane er med på å halda ein del båtklassar levande gjennom at det vert ei årleg mobilisering for å få nok båtar klargjort og ikkje minst fylt med naudsynt mannskap.
– Korleis er det med din kjennskap til Oselvaren? – Eg har nok ikkje noko særleg kjennskap til Oselvaren, men det ser ut som ein krevjande båt som heilt sikkert har sine triks ein må meistra for å få god båtfart. Arbeidet som vert gjort for Oselvaren handlar dessutan ikkje berre om rein sport. Gjennom å halda båten levande er seglarane med på å ta vare ein viktig del av norsk kystkultur. Det tykkjer eg er svært positivt.
– Og du skal vera tilstades under heile meisterskapen? – Ja, det skal eg. Eg kjem til Tysnes fredag kveld og under seglasane skal eg så vidt eg veit vera tilskodar utpå fjorden, muligens i pressebåten. Det er svært hyggeleg å verta invitert til slike seglararranement som dette og det gjer meg eit godt høve til å gjera meg kjend med dei mange ulike seglforeniningane rundt om i landet.
– Lukke til med Oselvar-NM! – Takk for det!
Namn: Helge Hauge Funksjon: Ordførar i Tysnes kommune
– Oselvar-NM på Tysnes må vel vera god reklame? – Det er klart. Det viser både at me har gode tilhøve for friluftsliv på sjøen her og ikkje minst er 75-årsjubilanten Siglarlaget Njord/Tysnes ein flott representant for det aktive kulturlivet som går føre seg her på Tysnes. Tysnes kommune vonar at dei tilreisande seglarar får gode dagar med spanande kappsegling på Bjørnafjorden.
– Kva har sjølivet å seia for folk på Tysnes i dag? – Folk frå Tysnes har sterke maritime tradisjonar gjennom både fiske, båt- og fartybyggjing, Nordlandsfart, Jåttsegling, fraktefart, sjøfolk i handelsflåten og i seinare tid fisketurisme, Nordsjøarbeid og fiskeoppdrett. No sumarsdagen går tankane kanskje fyrst og fremst i retning av friluftsliv i form av fiske, badeliv, padling, roing og segling. Ein skal likevel ikkje gløyma at me er busett på ei øy som, trass i bru over Lukksund, framleis er avhengig av ferjesamband både mot nord og sør.
– Kva er dine tankar rundt Oselvaren? – Oselvaren har alltid stått sterkt på Tysnes og dette viser at sjølv om båten vart uaktuell som bruksbåt kring 1950-60, kan han likevel vera aktuell i dag som fritidsbåt. Kappseglinga har vist korleis ein kan fornya ein tradisjonell båt og gjera han attraktiv som sportsbåt. Segling er dessutan ein god arena å læra seg sjøvit og ein fin måte å oppleva naturen på.
– Stiller du opp som mannskap under NM då? – Hehe, det spørst, men tidlegare i sumar var eg på segltur til Shetland i ein 34 fots havseglar saman med to brør og to andre. På laurdag er eg invitert på jubileumsfesten i Vonheim på laurdag og der har eg tenkt å stilla opp.
– Lukke til med Oselvar-NM! – Takk for det!
Namn: Finn Totland Leiar for Oselvarklubben
– Gler du deg til årets NM? – Ja, etter at Oselvaren vart kåra til Norges Nasjonalbåt tykkjer eg det har kome ein ny giv over arbeidet som vert gjort for Oselvaren. Å verta omtalt i nasjonale ordelag er forresten ikkje heilt nytt av fjoråret for Oselvaren sin del. Alt i 1847 vart det kapprodd med Oselvarar på 17. mai i Bergen. I 1888 vert denne kapproinga omtalt som National rosport og i 1932 stifta roarane Vestlandsk Krets for Nasjonal Ro-idrett. Sjølv var eg med på å stifte Oselvarklubben – Nasjonal klasseklubb for Oselvaren brukt som regattabåt i 1974 og i 1977 klassifiserte Norges Seilforbund Oselvaren som nasjonal klassebåt. Året etter fekk me høve til å arrangera offisielt Norgesmesterskap, og årets NM er det 30. i rekkja.
– Men det har vel vore kappsegla med Oselvaren før 1974? – Den fyrste regattaen der Oselvaren deltek skjer i 1871 og båttypen har vore kappsegla kvart år sidan 1889. Då kjem òg dei fyrste reglane. I 1911 lagar Båtlaget Ran regelen om at båtane skulle delast inn i ulike klassar etter seglarealet og dette prinsippet er framleis heilt sentralt i dagens klassereglar. Etter kvart som Oselvarseglinga brer om seg utanfor Bergen under og etter fyrste verdskrig, vert det tydeleg at ein laut ha eit formelt samarbeidsorgan slik at alle hadde felles reglar å forhalda seg til. Trass fleire freistnader så fekk ein ikkje dette til før krigen, men i 1945 vart Bergen og Hordaland Seiler Samband (BHSS) stifta 27. august 1945. BHSS tok seg av å lage terminliste, fordele dommarar, klassereglar, båtregister og appellutval, slik at protestar kunne få ei ankehandsaming. Etter kvart vert delar av ansvarsområda overført til Norges Seilforbund, som igjen delegerte noko av ansvaret til Hordaland Seilkrets. Difor vart løysinga for Oselvarseglinga å omorganisera BHSS til Oselvarklubben i 1974.
– Men kva rolle spelar Oselvarklubben i dag? – Oselvarklubben er ein samanslutning av båteigarar og seglarar som enkelt fortalt arbeider for å sikre så rettvise tevlingstilhøve som råd. Difor fekk Oselvarklubben for ti år sidan omarbeidd klassereglane til det internasjonale seglforbundet sin mal. Det vil seie at anten du seglar Oselvar eller til dømes snipe så er grunnstrukturen i klassereglane den same. Det er òg viktig å nemna at klassereglane no er lukka, slik at berre det som det står at er lov, faktisk er lov og at det som ikkje står nemnd som lov i klassereglane faktisk ikkje er lov. Føremonen med dette er at ein oppnår forutseielege klassereglar som er med på å sikra så rettvis tevling som råd.
– Og kva vert di rolle under NM? – No har eg snakka mykje om reglar, så då er det kanskje ikkje noko overrasking at eg er involvert som dommar. Elles så gler eg meg til å sjå båtane i aktivitet på fjorden. Oselvaren er herleg å sjå under segl, der han mjukt dansar mellom bølgjene. Det er òg kjekt å oppleva seglargleda hjå folk i ulike aldrar. Slikt sett er Oselvarseglinga ein del av norsk folklore som går langt attende i tid.
– Lukke til med Oselvar-NM! – Takk for det!
Namn: Lars Grøteide Funksjon: Leiar for Siglarlaget Njord/Tysnes
– Travle dagar før NM? – Ja, det er mange trådar som skal på plass og i innspurten vert det sjølvsagt litt hektisk. Takka vera dei mange dyktige medarbeidarane ser det meste ut til å vera i rute. Eg ser fram til å ynskja seglarar, arrangørar og media velkomen til Oselvar-NM på Bjørnefjorden. Likeeins er me stolt av at Peter L. Larsen, president i Norges Seilforbund, vil vera med utpå fjorden under heile NM og ikkje minst på jubileumsfesten i Vonheim på laurdag, der me mellom anna skal utnemna fleire nye æresmedlemmar.
– Kan du fortelja litt om soga til Siglarlaget Njord/Tysnes? – Laget var stifta i 1935 og har tradisjonelt vore orientert mot Oselvaren. Det har òg vore periodar der snipe, trapez og seglbrett har hatt stor aktivitet i laget. Dei siste 25 åra har me hatt det flotte seglanlegget Njordstø som base og då har segling med optimistjolle og zoom-jolle òg fått sin plass.
– Korleis står Siglarlaget Njord/Tysnes seg i dag? – Som mange andre lag har me òg utfordringar å ta tak i, mellom anna har medlemstalet vårt gått litt ned. Eg vonar at mange fleire tysnesingar vil vera med oss utpå fjorden i framtida for å oppleva naturen og den fine sporten som segling er. Difor driv laget eit viktig rekrutteringsarbeid retta mot barn og unge. På Tysnes er me privilegert som har så flott skjergard å segla i. Bjørnafjorden kan by på uvanleg gode segltilhøve med jamn vind og lite straum.
Vidare presenterte han den 75 år lange soga til Siglarlaget Njord/Tysnes på 7,5 minutt under jubileumsfesten laurdag. Då viste han mellom anna eit lite udrag av Helge Aakre sin film frå sumarregattaen 1956. Du kan sjå heile filmen (8 minutt) nedanfor:
Seglar Attåt dette segla Kjell Magnus og mannskapet Vegard Aslaksen og Sigvard Madsen inn til ein 8. plass samanlagd. Sjå resultatlista her