|
(foto: Harald Matland)
26. mai heldt Kjell Magnus kurs i regattasegling for Nordhordland Seilforening.
Nordhordland Seilforening held til på Litle Bergen, har kring 100 medlemmer og ynskte med dette kurset å motivera fleire av medlemmane til å segla regatta. Kurset var difor ein lekk i ein større plan for å fleire av båtane i klubben på startstreken i regattasamanheng.
Tema på regattakurset var mellom anna startprosedyre, vikepliktsreglar og seglingsvedtekter.
Sundag 30. mai er kursdeltakarane invitert med på regattaen Jomfruturen.
|