|
4. mai heldt Kjell Magnus foredrag under eit møte i Ytre Arna Historielag.
Føremålet med føredraget var todelt, dels å spreia opplysning om boka Oselvar - den levande båten og ikkje minst var det eit mål å oppretta kontakt med folk i Ytre Arna og Breistein som kunne ha informasjon om dei to seglklubbane på desse stadane. Arna Seilforening vart etablert kring 1920 og Breistein Seglarlag vart etablert i 1938. Båe laga er aktive fram til omlag 1960. Biletet er frå ein regatta i Arna i 1933 og er lånt frå Per Birkeland i Ytre Arna Historielag.
|