|
I 2009 har Redningselskapet kåra Norges Nasjonalbåt og 17. august var resultatet klart. Etter kvass tevling frå Åfjordsbåten, gjekk Oselvaren av med sigeren. 21. august vart dette markert med troféoverrekkjing i Oselvarnaustet på Os.
![](bilder///nb09_8450__600.jpg) Nilmar Søvik fekk æra av å ta i mot troféet på vegne av Oselvaren.
![](bilder///Nasjonalbatseremoni__600.jpg) Kjell Magnus gav ein leksjon i soga til Oselvaren.
![](bilder///nb09_8394__600.jpg) Tilstades var mellom anna statssekretær ved Statsministerens kontor, fylkesordførar, fylkeskultursjef og ordførar samt vel 50 inviterte gjester.
![](bilder///nb09_8393__600.jpg) Tilstades var òg ei rekkje av dei som har arbeidd til beste for Oselvaren opp gjennom åra. (alle bilete: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kåringa har fått mykje mediemerksemd. I Redningselskapet sitt medlemsblad "Trygg på Sjøen" 3/2009 er Oselvaren presentert over fire sider.
Nedanfor fylgjer medieomtale om Nasjonalbåtkåringa der Kjel Magnus opptrer: • Omtale hjå Hordaland Fylkeskommune • Intervju i Nationen • Omtale hjå Kystsogevekene • Omtale i Os og Fusaposten • Omtale hjå www.midtsiden.no • Innslag på NRK Sveip • Ola Dilt er «Ukens Tradisjonsbåt» hos Forbundet Kysten • Omtale i Bergens Tidende
Les Kjell Magnus si pressemelding om seremonien
|