Laurdag 12. september 2009 var det historisk seminar i Borgstova på Baroniet i Rosendal. Mellom 30 og 40 historieinteresserte møtte fram og fekk servert fire foredrag og lunsj.
Seminaret vart innleidd av professor Jørn Øyrehagen Sunde som foreleste om Mowat-familien på Shetland på 1500- og 1600-talet.
Neste forelesar var professor Barbara Crawford som foreleste om The history, excavation and partial reconstruction of Duke Hakon's stofa at the Biggins, Papa Stour. Social and cultural contacts between Shetland and west Norway.
Etter lunsj var det klart for arkivar Brian Smith som foreleste om Norway and Shetland, 1469-1707: Motherland or Foreign Country?.
Til slutt var det Kjell Magnus sin tur og han opna foredraget om båthandelen med ei historisk innleiing som viste utviklinga av båten før år 1500. Dinest fokuserte han på at mange omgrep knytt til småbåtar framleis er svært like på både Shetland og i Hordaland. Dette har samanheng med at gjennom minst 300 år, truleg vesentleg lenger, har det gått føre seg omfattande utførsel av båtar frå Bjørnefjordsområdet til Shetland og Orknøyane. Denne båthandelen reiser likevel fleire spørsmål som Kjell Magnus problematiserte mot slutten av foredraget sitt: Kor stort omfang hadde denne handelen og kven organiserte denne handelen? Kva slags båtar var det tale om og korleis vart båtane transportert over den vêrharde Nordsjøen?
I boka om Oselvaren er båthandelen mellom Noreg og Vesterhavsøyane via eit eige kapittel.