|
Slik Ola Dilt framstår i dag er resultatet av ei lang utvikling som starta på 1800-talet. Då tok nemleg Bergens Seilbaadforening og Båtlaget RAN Oselvaren i bruk som kappseglingsbåt. Ola Dilt vart altså bygd i 1935 og har dermed vore med på ei enorm utvikling av Oselvaren både når det gjeld rigg og segl, men faktisk også som båt. I dag seglar Ola Dilt med bermudarigg og 10 kvm. seglføring. Med eit dyktig mannskap ombord er båten å rekna som ei jolle og kan på gode dagar segla nokså jamnt med ei snipe.
Ståande rigg: • Mastehøgd: 7,93 m. frå kjøl til senter av trinsa i toppen. • Masta er hul, materiale er furu og masta er laga av Alfred Kjellesvik i 1979/1980. Det er den tredje masta som er på båten. Den fyrste knakk i 1952 og den andre i 2000.
Mastetopp: • I toppen har masta 2 ”øyre” for festing av wireløkkjer for toppvant og fram- og akterstag. • Beslag for vindindikator, sokalla ”vindex”
Mastesko: • Nederst er masta tredd inn i eit rør av rustfritt stål som er påsveist boltfeste for feste i mastefoten i båten
Beslag og feste på masta: • Beslag for feste av salingshorn og undervant av rustfritt stål • Beslag til feste av fokkefall og lensebardunar, av rustfritt stål • Blokkjer for utveksling på fokkefall og storseilfall • Feste (alucleat) for fokkefall og storseglfall
Vant: • Toppvant av 3 mm wire gjennom salingshorn, festa med strekkfisk til røstjern i ripa • Undervant av 3 mm wire som går opp til salingshorna, festa med strekkfisk til røstjern i ripa • Framstag av 4 mm (burde vore 3mm) wire frå mastetoppen til stamnen i baugen, vert ført vidare med tau via sjakkel i stamnen til augeskrue langs innsida av stamn og lot tilbake til kne under mastetofte • Akterstag av 3 mm wire frå mastetoppen til stamnen akter vert ført vidare med tau via blokk i akterstamnen under ronga til blokk på aktersida av hodleronga og ned i cleat på aktersida av hodleronga • Lensebardunar av 3 mm wire frå beslaget for fokkefallet/lensebardunane til løpar på skinne langs ripa. Wiren vert stramt opp ved å føra løparen bakover på skinna.
Fall: • Fokkefall av 3 mm wire og tau • Storseglfall av 3 mm wire og tau
Løpande rigg: • Spilbom med gaffel akter mot masta, kløyvd i spisen for å gje rom for framstaget og plate av rustfritt stål for ulike festepunkt av fokkefall og feste av spilbomnedhal, cleat for feste av cunningham • Bom med gaffel på masta, beslag til feste av kick, blokk til bomnedhal, beslag heilt akter på bommen til feste av storseglskjøte, 2 blokker til storseglskjøte, blokk heilt akter på bommen til feste av bomuthal • Mastetofte med hol til masta, skinner til justering av fokkeskjøtepunka både langskips og tverrskips, løparar og tikkeblokkjer til skinnene, cleatar og blokkjer til cunningham i storseglet, bomnedhal og bomuthal
Andre trimregulatorar: • Spilbomnedhal frå spilbom vert ført via 2 blokkjer i stamn og lot til blokk med utveksling 1: 3 og cleat på midtspantet • Storseglskjøte, vert knytt i beslag akter på bommen, går så gjennom blokk på løygongen attende til blokk akter på bommen, vert så ført fram til midten av bommen der skjøtet går ned i blokk på kneet. Storseglskjøtet har utveksling 1: 2 • Fokkeskjøte, vert festa med sjakkel i kausen på seglet og går ned til tikkeblokk som er festa på skinne på mastetofta • Cunningham i fokka, knytt i kause framme i kause, går parallelt med wiren i forstaget i fokka ned til blokk framme på spilbommen og deretter bak til cleat på spilbommen • Liktau akter og under i fokka, akter og under i storseglet • Cunningham i storseglet, går frå cleat på mastetofta via blokk opp til kause i seglet og ned att til blokk og ny cleat • Bomnedhal, går frå cleat på mastetofta via blokk opp til kause i seglet og ned att til blokk og ny cleat • Kick, utveksling 1: 6, festa i dekksplate på bommen med sjakkel omlag 30-35 cm ut frå gaffelen, der den vert kobla til med karabinkrok til tau som kjem opp gjennom mastetofta frå mastekneet • Bomuthal, karabinkrok som vert festa i akterkausen i storseglet og som går bak i blokk på bommen og som vert ført fram under gaffelen på bommen der den endar i blokk som er kobla med tau som går frå cleat på mastetofta via blokka og ned att til blokk og ny cleat på mastetofta • Løygang med tauverk og blokkjer for regulering av midtskips til le posisjon for storseglbommen • Ristroppar av lastestropper som er festa på hodleronga under rormannstofta og går fram via midtkneet til mastekneet
Andre faste installasjonar: • Seglbenkjer av tralleverk på både styrbord og babord side • Støttespant framom midtspantet til gjennomføring av bolt til finnekjølen • Støttespant framom mastespantet til støtte for langsgåande dragar. Masteskoen står oppå den langsgåamde dragaren
Lause komponentar: • Finnekjøl med 12 mm boltar av rustfritt stål som vert ført opp gjennom kjøl og spant, kjølfinna er 45 cm djup og 40 cm lang • Ror med rorblad, rorkult og rorstang • Ausekar • Padleåre • Rormannstofte
Ymse mål: • Masta er 7,92 meter frå øvre kant av kjølen til senter av trinsa til storseglet i mastetoppen • Sporet i masta er 2,5 cm djupt og byrjar 139 cm over mastefoten = • Salingshorna er 66 cm frå mast og til tupp • Rom mellom framband og ekstraband = 22,5 cm • Rom frå midtband til kjølband = 17 cm • Lensebardunskinner = 1,35 m
|