• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Utbetringar på båten

 

Her finn du oversyn over kva som er gjort av utbedringar på Ola Dilt sidan 1996.



Oktober 1996
KMØ, Karsten Økland og Bjørn Helge Epland er i Njordstø, der Ola Dilt står, på visning av båten. KMØ har lyst på båten og 17. november 1996 er båten kjøpt og betalt. Pris: 17 000 kr.

November 1996
Båten vert flytta ut på golvet og KMØ og Karsten Økland startar arbeidet med å skrapa den rein for lakk. Gisle Vassnes set inn eit lite støttespant framom mastespantet. Det vert også lagt inn ny langsgåande bjelke som går frå dette støttespantet og bak til hodleronga.

April 1997
Ola Dilt vert sjøsett og slept til Økland. Båten lek mykje og vert fylt med vatn. Når ein slakkar på slepefarten inn til Økland kvelvar båten. Båten vert teken på land, vert spylt og står til tørking i omlag ein månad.

Mai 1997
Revekloa på bommen vart demontert og fjerna. Båten vert lakka med Interpreg A til borda er metta, deretter lakka med Interpreg B 10-12 strøk. Etterpå vert det påført ein del sikaflex for å tetta eventuelle sprekker i bordgangar. Montert ny mastefot og mastesko. Mastefoten er laga av Olav Andersen og masteskoen er laga av Svenn Audun Frugård. U-ledd montert mellom rorsveiv og rorstang av KMØ. U-ledd fått av Jan Vee og Båtlaget Njord/Tysnes.

Sumaren 1997
Det vert kjøpt og montert mykje nytt utstyr, blokkjer, og tauverk. Båten vert rigga opp og fredag 3. juli i vert den segla til Våge av KMØ og Karsten Økland. Dagen etter deltek Ola Dilt på regatta for fyrste gong på 9 år. Resultat: nr. 4 av 4 samanlagt. Vinnar av startpremie! Etter dette vert ikkje båten segla meir i regatta, men seglar ein del som spriseglar.

September 1997
20. september vart båten slept til Austevoll der Gisle Vassnes skal skifta innveden, altså dei tre spanta samt laga ei ny spil babord seglbenk.

November 1997
KMØ tingar 8. kvm. segl hjå Seilmaker Iversen.

Desember 1997
Ola Dilt får årar til jul.

Vinteren 1997-98
Ei eldre sprimast til Nille vert teken til Gjerstad og pussa og lakka. Alle skruehola vert plugga og masta vert rigga på nytt.

Februar 1998
KMØ teiknar og tingar vogn til Ola Dilt hjå Lumic.

Våren 1998
KMØ hentar båten hjå Gisle Vassnes I Austevoll etter at han har skifta spant.

Den fyrste prøveturen med L-14. Turen går rundt Gjerslingane og segla står svært fint! Mannskap: Vegard Aslaksen

Montert beslag til åregaflar.

Milde 1998
Den fyrste sigeren! Etter å ha lege langt bak får Ola Dilt vind og tek dei 3 andre igjen. Seglar så forbi dei i lo og vinn løpet. Alle dei 4 båtane kjem i mål i løpet av 54 sekund! Mannskap: Rita Teigland og Vegard Aslaksen.

Sumaren 1998
KMØ lagar brosjyre for turistsegling med Ola Dilt. Fotograf: Svein Olav Brandtzæg Langåker. Tyskoversetjing: Torunn Enes.

Krympestrømpe vert montert på masta. Krympestrømpe skaffa av Arne Tvedt. Montering: Olav Andersen og KMØ.

Masteknekk 1: Tur med Carsten og Joacim Simonsen. Sprimasta knekk forover omlag 1 meter oppe. Årsak: for slakke vant.

August 1998
Sumarregatta Hjellestad: Den fyrste kollseglinga. Årsak: fylte båten på lens i 8. kvm. Mannskap er med Rita Teigland og Jan Fredrik Hamre.

September 1998
Ola Dilt er ”Rekebåt” i Vonheim under Ungdomslaget sin haustfest.

Juni 1999
Kollsegling under jibb i 8. kvm. ved Prestaskjæret. Mannskap: Trond Hagen.

Sumarregattaen BN/T: Styrbord messing-beslag på bauen (til vern for slitasje frå spilbomnedhal) vert øydelagt.

KM Milde 1999
I siste og avgjerande seglasen der Ola Dilt kunne vinna heile KM knekk rorsveiva. Mannskap: Elin Flatråker og Synnøve Halvorsen.

September 1999
Kollsegling under jibb i 10 kvm. ved Våge. Mannskap: Torodd Nødland og John Godal.

Hausten 1999:
Ola Dilt på internett! Båten har fått eiga internettside med oversyn over alle regattaresultat, soga til båten og fakta.

Mars 2000
Montert nytt rorbeslag og ny løygong. Båe delar er laga av Helge Epland. Rorbeslag montert av Morten Epland og KMØ.

Gjennomgåande boltar bakerst på lensebardunskinnene vert skrudd inn.

17. mai 2000
KMØ avsluttar skrivinga på semesteroppgåva ved Vestnorsk Kulturakademi om Ola Dilt.

Juni 2000
Festet til styrbord framre røstjern ryk. Mannskap: Jan Vee og Thor Aakre. Det vert sett inn ny saum inn i alle røstjerna. Klinkinga utført av Morten Epland og KMØ. Den 18. juni 2000 vert det gjort måling av Ola Dilt si mast og mastefot. Målinga utført av Kjell Totland og KMØ.

KM 2000 Tysnes
Laurdag: Babord fokkesjøtepunktskinne løsnar frå mastetofta og vert bøyd. Årsak: for få skruer.
Masteknekk 2: Sundag: I siste og avgjerande seglasen der Ola Dilt kunne vinna heile KM knekk masta. Mannskap: Torbjørn Meland og Vegard Aslaksen.

Ola Dilt er vinnar av Oselvarklubben sin rankingpokal 2000!

Vinteren 2000/2001
Ola Dilt står i Njordstø.

Våren 2001
Montering av stålskinner på ripeborda framme i baugen til vern mot slitasje frå spilbomnedhalet. Skinnene laga av Helge Epland. Montering Helge Epland og KMØ.

Montering av stålplate inne i spilbom til justering av fokkehals. Plata er laga av Helge Epland og montert av KMØ.

Kollsegling til lo ved Vågsholmen i 10 kvm. i 10-12 m/s på kryss etter at vinden slapp fullstendig. Mannskap: Vegard Aslaksen og Lars Grøteide.

Juni 2001
5. juni: Ola Dilt avfotografert i Bladet «Sunnhordaland.» Ola Dilt får ny mast, tidlegare Nille si. Denne vert sendt til Oselvarverkstaden for avhøvling og kjem tilbake til Tysnes per Godøysundsekspressen. Høvling utført av Hallgeir Bjørnevik.

Under tilpasning av vanta ramlar masta ned på løygongen og knekk mastetofta. Til alt hell vart det berre mindre skader på sjølve masta. Mastetofta midlertidig reparert med lim og kryssfinér bolta fast på undersida.

Austevoll 2001: K 25! Ola Dilt seglar under sitt egentlige seglnr. i K-klassen for fyrste gong på 49 år! Båten vinn dessutan i Austevoll for tredje år på rad! Mannskap: Trond Tvedt og Øyvind Gjøvåg.

Cutty Sark 2001
Ola Dilt lek som ein foss og er i ferd med å gå rett ned, men trass dette slår båten ein 20 kvm-båt i mål etter å segla samme løpet! Mannskap: Vegard Aslaksen og to tyske jenter.
«Dar kom dampen!» Babord salingshorn knekkar etter at det var ein tur innom rekkverket på hekken til D/S Oster som låg fortøydd ved Strandkaiterminalen.

August 2001
Det vert sett i omlag 10 nye saumar langs bordgangane. Klinkinga utført av Helge Pettersen og KMØ.

KM 2001
Laurdag: Styrbord lensebardunskinne knekk.
Sundag: Ola Dilt vert pårent av Sjanse. Båe partar leverer protest, ein protest som går i Ola Dilt sin favør. Sjanse appellerar til NSF, men appellen vert avvist. Ola Dilt = Kretsmeister og vinnar av Oselvarklubben sin rankingpokal 2001! Mannskap: Vegard Aslaksen og Lars Grøteide.

Oktober 2001
Demontering av dei gamle esingane. Demontering utført av Karsten Økland og KMØ. Ola Dilt vert slept til Oselvarverkstaden på Os for å skifta esingar og få laga ny mastetofte. Esingar og mastetofte laga av Hallgeir Bjørnevik og Harald Dalland. Deretter vert Ola Dilt slept til Økland der den vert spylt og står til tørking.

Januar 2002
Ola Dilt vert skrapt for lakk og sikaflex langs kjølen.

Februar 2002
KMØ og Karsten Økland tek ut den gamle saumen langs langs kjølen på babord side og støttespantet framom mastespantet.

Mars 2002
KMØ og Karsten Økland klinkar ny saum på babord, kun sikaflex vert lagt mellom bord og kjøl. Tek så ut den gamle kjølsaumen på styrbord side for så å klinka ny saum der. Deretter vert båten pussa.

April 2002
Ola Dilt vert vaska før den vert lakka av Karsten Økland. Harald Dalland lagar ny profil på kjølspantet.

Mai 2002
1. mai vert Ola Dilt sjøsett og slept til Njordstø. det viser seg at båten har ein stor lekkasje langs nederste bordgang på styrbord side. Omlag 15 saumar vert skifta ut samt saumane mellom kjøl og lot. Klinking utført av Karsten Økland og KMØ. Alt utstyr vert montert. Nye ting er: krympestrømpe på masta, nye lensebardunskinner, ny fallordning og det mykje omtalte fokkeskjøtepunktsystemet vert montert. Rustfri støtte til fokkesjøtepunktsystemet levert av Olav Andersen.

Sesongen 2002:
Ola Dilt stiller i samtlege Oselvar-seglasar og kvar gong med ulikt mannskap!

Våren 2008:
Det vert tinga nye 10 kvm-segl til Ola Dilt hjå Seilmaker Iversen. Levert tidlig i juli.

Våren 2009:
Hallgeir Bjørnevik utbetrar skade på kjølen til Ola Dilt. Båten får vanleg vårpuss med nokre strøk med lakk.