|
Utstillingar • 2012-2013: Produsert delar av museumsutstillinga i Båthallen på Hordamuseet
• Jåttseglarane Utstilling i Tysnes Kystlag sine lokaler på Årbakka Handelsstad frå 9. juni -19. august 2001 som vart vitja av nærare 3000 menneske. Tema: Sjøfolk frå Tysnes som arbeidde på amerikanske kappseglingsbåtar. Utstillinga inneheldt gjenstandar, tekst, teikningar, fotografi, båtmodellar, film og bøker. Førehandsomtale i Bladet Tysnes Førehandsomtale av utstillinga i Bladet Sunnhordland Pressemelding i forkant av opninga Bladet Tysnes-reportasje frå opninga av utstillinga
• Titanic og hennar forlis Miniutstilling i samband med visning av filmen Titanic på Tysnes Kino i 1998. Tekst og bilete om den kjende skipsulukka utgjorde utstillinga.
Dokumentasjonsoppdrag • Godøysund Historisk innsamlings- og granskingsarbeid om Godøysund Fjordhotell. Prosjektet vart avslutta i 2002 før fullføring grunna finansielle problem hjå arbeidsgivar. Oppdragsgjevar: Godøysund Fjordhotell.
• Seglarveka 1999 1 t 20 minutts dokumentasjon på video av Båtlaget Njord/Tysnes si seglarveke 5-8. juli 1999. Korleis lærer deltakarane å segla i ei optimistjolle. Oppdragsgjevar: Tysnes kommune.
• Tysnes Rundt 1999 1 t 15 minutts dokumentasjon på video av Tysnes Kystlag sin rotur rundt Tysnes. Om lag 60 båtar deltok. Oppdragsgjevar: Tysnes kommune.
• Johannes Heggland 80 år 1 t 20 minutts dokumentasjon på video av Tysnes kommune si feiring av forfattaren Johannes Heggland som fyller 80 år. Jubileumsfeiring på Årbakka Handelsstad, Ungdomshuset Vonheim og Godøysund Fjordhotell. Oppdragsgjevar: Tysnes kommune.
• Sjøbuer i Våge 45 minutts dokumentasjon på video av tre eldre sjøbuer i Våge. Filmen viser tilstanden for sjøbuene før og etter eit restaurasjonsarbeid vinteren 1998/99. Oppdragsgjevar: Tysnes kommune.
Førehandsreportasje i Bladet Sunnhordland om dei fire filmane frå 1998-99
|