|
|
|
|
Kjell Magnus framfor Ola Dilt i Brest. Foto: Lars Mæland, Bladet Sunnhordland. |
|
|
I juli 2008 var Kjell Magnus utsendt representant for Oselvarklubben under Brest Maritime Festival i Frankrike - verdas største maritime festival med eit publikum på over 2 millionar. Under festivalen hadde han ulike roller og bidrog med mellom anna dette:
• Heldt foredraget "Oselvar – a traditional boat with a future", ein 45 minutts presentasjon/61 lysbilete på engelsk/fransk under det franske båtbladet Chasse Maree sin rundebordskonferanse. Mellom dei som sat i salen var presidenten til Kroatia, Stjepan Mesić.
• Arrangerte seminaret Safeguarding Intangible Maritime Cultural Heritage Seminaret tok opp korleis ein kan ta vare på immatriell kulturarv og var ein vesentleg del av Norges Dag under festivalen.
• Skreiv to artiklar for Seilmagasinet: "Til verdens største maritime festival" finn du her "Spektakulær fransk utgang på Norges dag" finn du her
• Stilte ut regatta-Oselvaren "Ola Dilt". Det vart òg gjennomført demonstrasjonsseglas med båten.
• Produserte 12-siders faldaren The Oselvar from Norway for Oselvarklubben.
Sjå Brest Maritime Festival si offisielle heimeside her.
Les førehandsomtale i Bergens Tidende her.
Høyr Jan Petter Svendal sitt intervju med Kjell Magnus på RadiOS:
Les førehandsomtale hjå RadiOS her.
Sjå omtale i Bergens Tidende her.
Les omtale og intervju i Bladet Sunnhordland her.
Sjå omtale på nettstaden tysnesingen.no her.
Les Forbundet Kysten sin presselogg her.
Les Forbundet Kysten sin rapport om Brest 2008 her.
|