|
I boka "Leve kulturarven!", som vart lansert av Norsk Håndverksinstitutt 25.november, har Kjell Magnus bidratt med eit bilete som er brukt både på framsida og i stort format over forfattarane sitt forord.

Boka er ei samling tekstar om dokumentasjon, forvaltning og formidling av tradisjonelle dugleikar. Den beste måten å verna immateriell kulturarv på, er gjennom praksis. Frivillige organisasjonar og ildsjeler i feltet presenterer og reflekterer over sine prosjekter. Tema i artiklane spenner vidt – frå trusopplæring til husflid, frå matkultur og folkedans til blikk på romanifolkets kulturhistorie.
Du kan lesa meir om boka og tinga ho på denne linken.
|