• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Digitalisering av gamle lydband

 



I samarbeid med Hordamuseet har Kjell Magnus utført ei digitalisering av tre lydopptak med gamle båtbyggjarar. Opptaka inneheld svært spanande dokumentasjon om Oselvarbyggjing.



Dei tre opptaka er:
• Lydbandsintervju med Alfred og Nikolai Søvik om båtbyggjing ved Johannes Revheim. Innspelingane er gjort 26, 28. og 29. august 1956. Her er det utarbeidd eit notat som fortel kva tema som det vert snakka om. Speletid: 4 timar og 52 minutt.

• Lydbandsintervju med Sigurd Agnell, Ole N. Drange, Nils O. Drange, Knut Weibust og Lauritz Pettersen i forkant av innspelinga av dokumentarfilmen "Båtbyggjaren", ved Johannes Revheim. Opptaka er gjort 2-12. april 1957. Her er det utarbeidd eit notat som fortel kva tema som det vert snakka om. Speletid: 2 timar og 17 minutt.

• Kassettintervju med Peder Haugland om båtbyggjing og fløttmenn i Bergen ved Johannes Møllerup for Hordamuseet. Innspelinga er gjort 21. november 1983. Her er det gjort fullstendig avskrift. Speletid: 1 time og 4 minutt.

Lydfiler og pdf med notat/avskrift er tilgjengeleg hjå Hordamuseet ved Ole Mikal Olsen. Digitaliseringsarbeidet er ein del av kjeldegranskinga til boka Oselvar - den levande båten