• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Filmpilot


Det er laga to pilotar av filmen "Med Norwegian Steam i America's Cup".



Versjon 2 av piloten "Med Norwegian Steam i America's Cup"
Laga av Arne Sørenes og Kjell Magnus Økland våren 2005.




Versjon 1 av piloten "Med Norwegian Steam i America's Cup"
Laga av Arne Sørenes og Kjell Magnus Økland våren 2004.

Piloten byggjer på intervjuopptak med dei aller siste aktørane frå 1930-talet som var i live, historiske rekonstruksjonar samt amerikansk arkivfilm frå 1930-talet.


Gunnar Færevaag (1913-2008) vaks opp på Tysnes og utvandra til USA i 1930. Han arbeidde i 8 år på amerikanske seglbåtar. Han har arbeidd på kjende båtar som J-båtane Weetamoe og Rainbow samt skonnerten Atlantic. I 1934 var han med og vann America’s Cup som mannskap om bord på Rainbow. Gunnar døydde i januar 2008.



Bernhard Hagestad (1912-2012) vaks opp på Tysnes og utvandra også til USA i 1930. Han arbeidde om bord på J-båten Weetamoe i sesongen 1931. Bernhard døydde i august 2012.





Olav Lunde (1913-2004) vaks opp på Tysnes og utvandra til USA i 1930. Han arbeidde på Twister, slepebåten til J-båten Whirlwind som segla uttakingsseglasar til America’s Cup i 1930. Han arbeidde også på den kjende skonnerten Nina og på skonnerten Diana. Olav døydde i mai 2004.





Det er òg gjennomført fleire andre intervju, mellom anna med Olin Stephens (1908-2008) som konstruerte 8 amerikanske America's Cup båtar i perioden 1937-1980.