|
|
|
Kjell Magnus Økland og Knut Arne Grøteide laga utstilling i 2001. |
|
|
|
Kjell Magnus og Arne Sørenes har gjort intervjuopptak med dei siste attlevande aktørane frå 1930-talet. |
Det heile starta for alvor hausten 2000 med at Kjell Magnus Økland og Knut Arne Grøteide byrja arbeidet med å laga ei utstilling om temaet. Sumaren 2001 vart utstillinga presentert på Årbakka Handelsstad i samarbeid med Tysnes Kystlag.
Etter det har Kjell Magnus arbeidd vidare gjennom å samla og systematisert materiale som er formidla til publikum på fleire måtar: artiklar, foredrag og film. Dette arbeidet er gjort på dugnad parallellt med at han har studert på Universitetet i Bergen.
Kjell Magnus har ein Cand. Mag-grad frå Universitetet i Bergen som er oppbygd av kulturvitskap, historie og mediefag. Han tidlegare arbeidd som historikar, journalist og med undervisning. Sidan 2004 har han òg arbeidd med boka Oselvar – den levande båten.
|