• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Dokumentarfilm norsk versjon

 

Tittel:
Med Norwegian Steam i America’s Cup
50 minutts dokumentarfilm for fjernsyn
(i produksjon)



Basis: intervju med aktørar frå 1930-talet, arkivfilm, arkivfoto og historiske rekonstruksjonar. Aktørane sine individuelle historiar vert døme på korleis livet var for dei mange norske sjøfolka som gjennom sin innsats avfødde eit hedersomgrep i USA: The Norwegian Steam! Filmen vil fokusera mest på 1930-talet og segling med J-båtar i America’s Cup. På denne tida hadde Tysnes ei særstilling som ”leverandør” av sjøfolk. Kvifor var det slik? Kvardagsslitet til mange tidlegare generasjonar har heva nivået på den handlingsborne kunnskapen så høgt at den brått vart interessant frå ein idretts-ståstad.

Filmen ynskjer å peika på verdien av tradisjon og handlingsboren kunnskap og syna korleis den norske seglartradisjonen fekk ein ny arena å opptre på i modernitetens USA. Filmen ynskjer difor å gje eit tilskot til biletet av den norske sjømannen og vert ein hyllest til levd liv og vil innehalda mykje biletstoff og arkivfilm som ikkje er vist tidlegare.