• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  




Foredrag i Portsmouth, USA

 

 

30. mars heldt Kjell Magnus Oselvarforedrag på Strawbery Banke Museum i Portsmouth, New Hampshire. Foredraget var eit samarbeid mellom The Boatshop at Strawbery Banke, the Gundalow Company og GreenWood.



Over 80 personar frå minst tre ulike delstatar møtte fram. Mange i salen arbeider som båtbyggjarar og eldstemann var ein 100-åring som er ei levande legende innan båtbyggingsmiljøet på austkysten i USA.

Strawbery Banke Museum er eit kulturhistorisk museum som viser soga til byen Portsmouth. Her finn ein nokre av dei eldste europeiske busetnadane i USA med røter attende til 1630.

Foredraget fekk førehandsomtale i fleire lokale media:

http://newenglandboating.com/uncategorized/norwegian-oselvar-boats-focus-of-nh-talk.html

http://www.seacoastonline.com/article/20160327/NEWS/160329308

http://www.fosters.com/article/20160327/NEWS/160329479