• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



VM for Zoom8-joller

 



I august 2013 arrangerte Ran Seilforening Verdsmeisterskap for Zoom8-joller. Dette er fyrste offisielle verdsmeisterskapen i segling som har vore arrangert på Vestlandet. I VM-komiteen er Kjell Magnus leiar for regattakomiteen, vevmakar for VM-sidene, pressekontakt og fotograf. Han er med andre ord sentral i planleggjinga og gjennomføringa av arrangementet.



Zoom 8 er ein einmannsjolle for ungdommar frå 10-19 år. Etter å ha vakse ut av Optimistjolla vel mange å halda fram med Zoom 8 og dette er i dag ein av dei største jolleklassane i Noreg. Under VM vil det delta 100-130 båtar frå land som Finland, Sverige, Danmark, Estland, Russland, Tyskland, Austerrike og Noreg.



Dette biletet tok Kjell Magnus like etter at det vart klart at David Westervik frå Ran Seilforening vart verdsmeister. Dagen etter brukte Bergens Tidende biletet på framsida og inne i avisa.

Gå til vevsida for Zoom-VM 2013 her