• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Nordmenn kjem med i AC

Mannskapsbilete frå J-båten Whirlwind i 1930.
 

Mannskapsbilete frå J-båten Whirlwind i 1930.

 

Det har aldri delteke nokon norsk båt i America's Cup, men mange amerikanske båtar har hatt eit fleirtal av nordmenn ombord som mannskap. Norske sjøfolk har dermed spela ei svært viktig rolle i denne regattaen.



Utover 1870 og -80-talet vart nemleg mange skandinavar, med stor overvekt av nordmenn, hyrte som kapteinar, styrmenn og mannskap på dei amerikanske båtane. Gjennom gode prestasjonar fekk dei frå 1893 til 1937, altså i nesten 50 år, høve til å spela hovudrolla i kampen om det største innan seglsporten: America´s Cup. Faktisk finn ein dømer på nordmenn i America's Cup heilt fram til 1974.