• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Korleis er Ola Dilt rigga?

 

Slik Ola Dilt framstår i dag er resultatet av ei lang utvikling som starta på 1800-talet. Då tok nemleg Bergens Seilbaadforening og Båtlaget RAN Oselvaren i bruk som kappseglingsbåt. Ola Dilt vart altså bygd i 1935 og har dermed vore med på ei enorm utvikling av Oselvaren både når det gjeld rigg og segl, men faktisk også som båt. I dag seglar Ola Dilt med bermudarigg og 10 kvm. seglføring. Med eit dyktig mannskap ombord er båten å rekna som ei jolle og kan på gode dagar segla nokså jamnt med ei snipe.




Ståande rigg:
• Mastehøgd: 7,93 m. frå kjøl til senter av trinsa i toppen.
• Masta er hul, materiale er furu og masta er laga av Alfred Kjellesvik i 1979/1980. Det er den tredje masta som er på båten. Den fyrste knakk i 1952 og den andre i 2000.

Mastetopp:
• I toppen har masta 2 ”øyre” for festing av wireløkkjer for toppvant og fram- og akterstag.
• Beslag for vindindikator, sokalla ”vindex”

Mastesko:
• Nederst er masta tredd inn i eit rør av rustfritt stål som er påsveist boltfeste for feste i mastefoten i båten

Beslag og feste på masta:
• Beslag for feste av salingshorn og undervant av rustfritt stål
• Beslag til feste av fokkefall og lensebardunar, av rustfritt stål
• Blokkjer for utveksling på fokkefall og storseilfall
• Feste (alucleat) for fokkefall og storseglfall

Vant:
• Toppvant av 3 mm wire gjennom salingshorn, festa med strekkfisk til røstjern i ripa
• Undervant av 3 mm wire som går opp til salingshorna, festa med strekkfisk til røstjern i ripa
• Framstag av 4 mm (burde vore 3mm) wire frå mastetoppen til stamnen i baugen, vert ført vidare med tau via sjakkel i stamnen til augeskrue langs innsida av stamn og lot tilbake til kne under mastetofte
• Akterstag av 3 mm wire frå mastetoppen til stamnen akter vert ført vidare med tau via blokk i akterstamnen under ronga til blokk på aktersida av hodleronga og ned i cleat på aktersida av hodleronga
• Lensebardunar av 3 mm wire frå beslaget for fokkefallet/lensebardunane til løpar på skinne langs ripa. Wiren vert stramt opp ved å føra løparen bakover på skinna.

Fall:
• Fokkefall av 3 mm wire og tau
• Storseglfall av 3 mm wire og tau

Løpande rigg:
• Spilbom med gaffel akter mot masta, kløyvd i spisen for å gje rom for framstaget og plate av rustfritt stål for ulike festepunkt av fokkefall og feste av spilbomnedhal, cleat for feste av cunningham
• Bom med gaffel på masta, beslag til feste av kick, blokk til bomnedhal, beslag heilt akter på bommen til feste av storseglskjøte, 2 blokker til storseglskjøte, blokk heilt akter på bommen til feste av bomuthal
• Mastetofte med hol til masta, skinner til justering av fokkeskjøtepunka både langskips og tverrskips, løparar og tikkeblokkjer til skinnene, cleatar og blokkjer til cunningham i storseglet, bomnedhal og bomuthal

Andre trimregulatorar:
• Spilbomnedhal frå spilbom vert ført via 2 blokkjer i stamn og lot til blokk med utveksling 1: 3 og cleat på midtspantet
• Storseglskjøte, vert knytt i beslag akter på bommen, går så gjennom blokk på løygongen attende til blokk akter på bommen, vert så ført fram til midten av bommen der skjøtet går ned i blokk på kneet. Storseglskjøtet har utveksling 1: 2
• Fokkeskjøte, vert festa med sjakkel i kausen på seglet og går ned til tikkeblokk som er festa på skinne på mastetofta
• Cunningham i fokka, knytt i kause framme i kause, går parallelt med wiren i forstaget i fokka ned til blokk framme på spilbommen og deretter bak til cleat på spilbommen
• Liktau akter og under i fokka, akter og under i storseglet
• Cunningham i storseglet, går frå cleat på mastetofta via blokk opp til kause i seglet og ned att til blokk og ny cleat
• Bomnedhal, går frå cleat på mastetofta via blokk opp til kause i seglet og ned att til blokk og ny cleat
• Kick, utveksling 1: 6, festa i dekksplate på bommen med sjakkel omlag 30-35 cm ut frå gaffelen, der den vert kobla til med karabinkrok til tau som kjem opp gjennom mastetofta frå mastekneet
• Bomuthal, karabinkrok som vert festa i akterkausen i storseglet og som går bak i blokk på bommen og som vert ført fram under gaffelen på bommen der den endar i blokk som er kobla med tau som går frå cleat på mastetofta via blokka og ned att til blokk og ny cleat på mastetofta
• Løygang med tauverk og blokkjer for regulering av midtskips til le posisjon for storseglbommen
• Ristroppar av lastestropper som er festa på hodleronga under rormannstofta og går fram via midtkneet til mastekneet

Andre faste installasjonar:
• Seglbenkjer av tralleverk på både styrbord og babord side
• Støttespant framom midtspantet til gjennomføring av bolt til finnekjølen
• Støttespant framom mastespantet til støtte for langsgåande dragar. Masteskoen står oppå den langsgåamde dragaren

Lause komponentar:
• Finnekjøl med 12 mm boltar av rustfritt stål som vert ført opp gjennom kjøl og spant, kjølfinna er 45 cm djup og 40 cm lang
• Ror med rorblad, rorkult og rorstang
• Ausekar
• Padleåre
• Rormannstofte

Ymse mål:
• Masta er 7,92 meter frå øvre kant av kjølen til senter av trinsa til storseglet i mastetoppen
• Sporet i masta er 2,5 cm djupt og byrjar 139 cm over mastefoten =
• Salingshorna er 66 cm frå mast og til tupp
• Rom mellom framband og ekstraband = 22,5 cm
• Rom frå midtband til kjølband = 17 cm
• Lensebardunskinner = 1,35 m