• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  




Økonomien

 

Bokprosjektet «Oselvar – den levande båten» har satsa på ein samansett finansieringsmodell med ulike typar inntektskjelder: førehandssal av bøker, bidrag frå små, mellomstore og store verksemder, offentlege midlar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, fond og legat.



Tildelingar frå desse støttespelarane har gjort Oselvarklubben i stand til å tilby forfattaren stipend for omlag ei årsløn i perioden 2005-2007, samt refundere utgifter til reisekostnader, kopiering, innkjøp av materiell, etc i perioden 2004-2013. Sidan 2004 har forfattaren lagt ned over elleve fulltids årsverk med prosjektet. I praksis vil dette seia at forfattaren gjennom fleire år har forsaka eigen yrkeskarriere og arbeidsinntekt.

Den viktigaste økonomiske bidragsytaren til bokprosjektet så langt er forfattaren si kone, Karen-Maria Andersson. Hennar årelange positive innstilling har vore heilt avgjerande for at ein i dag komen så langt at mållina er i sikte. Ho er òg ein sentral bidragsytar som fotograf og språkgranskar.

Oselvarklubben er ein dugnadsdriven organisasjon med om lag 100 medlemmer og har til vanleg ikkje andre inntekter enn medlemskontingent og målegebyr, noko som utgjer langt mindre enn 10 000 kr årleg. I perioden 2004-2012 har Oselvarklubben sin bokkomite bidrege med om lag 500 dugnadstimar til bokprosjektet årleg. Denne innsatsen kjem i tillegg til den ordinære tidsbruken for å halda i gong den daglege drifta av Oselvarklubben. Det seier seg sjølv at for ein organisasjon av Oselvarklubben sin storleik er ei slik satsing som dette bokprosjektet svært uvanleg.