• Frilansar       • Oselvar - den levande båten       • Norwegian Steam / Jåttseglarane       • CV/arkiv       • Kontakt       • Heim  



Innlegg om immateriell kulturarv

 




I 2006 godkjende Stortinget UNESCO-konvensjonen om immateriell kulturarv som kan innebera eit paradigmeskifte for det norske kulturminnevernet. Hausten 2009 starta prossessen for alvor med å kartleggje og etterkvart nominera kulturtradisjonar til UNESCO sine lister over immateriell kulturarv. 2-3. desember 2009 inviterte Norsk Handverksutvikling og Rådet for folkemusikk og folkedans til opningseminar på Maihaugen på Lillehammer.

I kulturarvstafetten på dag 2 var Kjell Magnus fyrste innleiar. I innlegget Begge må med vektla han at både produsent og brukar av ein kulturell gjenstand representerer ulike former for immateriell kulturarv. For å ta vare på heilskapen er det difor heilt vesentleg å innlemma båe desse rollane i det framtidige kulturminnevernet. Dette poenget vart òg teke opp av andre innleiarar og Kjell Magnus har tidlegare vore innom temaet i artiklane Snakkast på fjorden, Den kompetente båtbrukaren - utdøydd eller utegløymt og i planleggjinga av Safeguarding Intangible Maritime Cultural Heritage-seminaret under Brest Maritime Festival 2008.